Suldal og Mo Laksegard ynskjer deg og dine velkomne til ekte kultur ramma inn av flott vestlandsnatur

Opplevingar ved elv, fjord og fjell

Hjå Mo Laksegard er det duka for opplevingar ved elv, fjord og fjell. Her er det rom for konferanse, festlege lag, aktiv fritid eller rolege dagar.

Unn deg eit avbrekk frå kvardagen

Du bur godt på Mo Laksegard

Alle våre hytter og leilegheiter er fullt utstyrt med komfyr, kjøleskap, oppvaskmaskin og ellers det du treng av bestikk og servise. Radio, TV og gratis breiband. Ute er det hagemøblar og grill. Nokre einingar har peis. Me har totalt 40 sengeplassar fordelt på 22 soverom. Du kan leige ei hytte og stelle deg sjølv eller bu med full hotellservice (hotellservice ved min.8 pers).

Les meir om våre overnattingsstadar her:
Storloftet
Bjørnebu/Evju
Folgå
Odin/Litago

Overnatting 1
Me har basseng på Mo Laksegard! Bassenget er oppvarma frå mai til september og held ein temperatur på rundt 25 grader. Bassenget er tilgjengeleg for gjester, men blir også brukt i forbindelse med Laksesafari, der deltakarane får trena i bassenget før dei går ut i Suldalslågen.
Basseng
keyboard_arrow_up

Liker du dette?

Del det med dine venner!