På raftingflåtar som rommar inntil 15 personar tek vi deg med nedover Suldalslågen, og frå guiden som er med i båten kan du få høyra om historia til dalføret og elva, om Lakselordar og Lakseslott. Halvvegs ned den 3 km lange turen stoppar me i villmarksleiren vår ved elvebreidda, går i land og kokar kaffi/te og kosar oss rundt leirbålet. Dei som er med får utlevert panner og steikjer sine eigne pannekaker over bålet. Turen endar med omvisning ved Sandsfossen og Laksestudio saman med lokal guide.