Opplevingar ved elv, fjord og fjell
Velkommen til Mo Laksegard
Me tilbyr overnatting, servering og aktivitetar
Me skreddarsyr opplevingar som passar perfekt for familiar, vennegjengar, firmaturar, utdrikningslag, individuelle reisande m.m. Me tilbyr overnatting i hytter, leilegheiter og rom. Aktivitetane me tilbyr er Laksesafari ©, elveekspedisjon, samarbeidsleik, bryggeriomvisning, laksefiske, villmarksleir, basseng og stamp. Mo Laksegard ligg i eit roleg område med utsikt over den kjende lakseelva Suldalslågen, like ovanfor Sand i Suldal kommune.



Unn deg eit avbrekk frå kvardagen
Du bur godt på Mo Laksegard
Alle våre hytter og leilegheiter er fullt utstyrt med komfyr, kjøleskap, oppvaskmaskin og ellers det du treng av bestikk og servise. Radio, TV og gratis Wifi. Ute er det hagemøblar, bålpanner og grillplass. Nokre einingar har peisovn. Me har totalt 40 sengeplassar fordelt på 22 soverom. Du kan leige ei hytte og stelle deg sjølv eller bu med full hotellservice (hotellservice ved min.8 pers).
